A- A+
Gå til innholdet
Dagleg leiar ved Seljord personal, Bjørn Torleif Lia, presenterte torsdag aiLæring.

Har skapt ein felles læringsplattform

– Det er litt kult at me, som den minste verksemda av dei alle, skapte ideen og starta læringsplattforma som heile landet kan ta i bruk, seier dagleg leiar i Seljord personal, Bjørn Torleif Lia til Vest-Telemark Blad.

- Sjølv om me er små er me innovative, framoverlente og dyktige, seier Bjørn Torleif Lia, og innrømmer at det er stas at kanskje den minste verksemda av dei alle er den som tar det nasjonale initiativet.
Torsdag presenterte Lia og Kenneth Stien, direktør i Arbeid og Inkludering, ein ny felles nasjonal læringsplattform for bedrifter som jobbar med arbeid og inkludering. Dette omfattar om lag 110 bedrifter delt på sju distriktsforeiningar i Noreg, og Seljord personal er ein av dei aller minste.

 

Kompetansedeling

Seljord personal, med Lia i spissen, har vore med å utvikla læringsplattforma aiLæring saman med Avigo, som er ei arbeid og inkluderingsbedrift i Lillesand. Lia meiner kompetanseheving og kunnskapsdeling i bransjen vil få ein ny dimensjon med den nye plattforma.
- Dette handlar om kompetansedeling i praksis. Den «nye», digitale og teknologiske verda gjev oss fleire moglegheiter me bør nytte oss av for å lukkast i arbeidsinkluderingsprosessen, seier Lia og held fram:
- AiLæring er ein av bransjens verktøy for å møte utfordringar som kjem der ein kan gjere tilgjengeleg eksisterande og nye ressursar for medlemsverksemder over heile landet, seier Lia.

 

I drift i løpet av året

Lia fortel at det var eit ynske om meir effektivitet i prosessane som låg bak pilotprosjektet som blei presentert torsdag.
Han meiner kompetanse kan bli bruka av fleire utan at det går på kostnad av identitet og verdiar. Med læringsplattforma kan ein dele kunnskap for å styrke bransjen, ein får tilgang på dokumentasjon for tilsette i eiga bedrift, ein kan dele kurs og anna opplæring eller innspel til effektiv møteleiing.
- Det er Telemark kompetanse i Bø som har utforma og leia pilotprosjektet, og dei har gjort ein fantastisk jobb, seier Lia.
Det har vore elleve bedrifter med i testperioden.
- Målet vårt er at læringsplattforma er oppe og går for fullt i løpet av dette året, seier Lia.
Han ser at arbeidsinkluderingsutfordringane er store og aukande i samfunnet.
- Seljord personal er til for menneske i ytterkanten av arbeidslivet og har som oppgåve om å bistå desse i jobb. Med aiLæring, som støttar både dagens og framtidas analoge og digitale format, vil me få eit verktøy som gjev oss fleire ressursar sidan me arbeider med det same alle saman - og det som ikkje finst der kan me utvikle saman, seier Lia.

 

Publisert: 7. april 2017